Vibå

Vibå Spelemannslag

Laget vart skipa og medlem av LFS i 1973, og har om lag 75 medl. i Rogaland.

Medlemmer i laget har hatt sentrale oppgåver i samband med innsamling og presentasjon av lokale folkemusikktradisjonar frå Rogaland.

Vibå Spelemannslag har vore med og arrangert i alt 11 lokalkappleikar sidan 1989, og sjølv delteke på mange andre kappleikar dei siste 30 åra, både som lag og gjennom sine einskildmedlemmer.

I 2000 var Vibå stemneorkester på Nordleik i Stavanger, og same året gav laget ut CD-en ”Fela i ura” med tradisjonsspel frå Bjerkreim. Laget har mange dyktige utøvarar og fleire av dei driv med opplæring og kurs.

 

Vibå Spelemannslag

 

Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.