Stavangerkappleiken
Kappleiken blir anna kvart år arrangert av:
Vibå Spelemannslag,
BUL Stavanger,

KAPPLEIK


Dette gamle ordet som i norron tid tydde tevling, har i dag ei rik og samansett tyding for dei som møter på kappleik. Formelt er det ei tevling i folkemusikk og bygdedans. Spel på fele og andre folkemusikkinstrument. "Kveding" - song i den gamle folkelege stilen. Og endeleg: springar, gangar, rudl og halling, dei eldste folkedansane våre, med unntak for songdansen (som me rett nok har "lånt" inn på nytt frå Færøyane i nyare tid).

Men tevlinga er berre eit utgangspunkt for alt det som ligg i ordet. Folk med felles interesser samlast til ulike slags samver. Nokre er formelle, slik som sjølve tevlinga, premieutdelinga, og konsertar. Rundt dette er det eit tilbod om samversformer som ingen kan setja på eit program. Men vil du prøva im- provisert samspel i ei krå, høyra eller prøva nye instrument, sjå på dansepar som varmar opp, eller rett og slett treffa likesinna i triveleg prat over ein kaffi- kopp og eit rudstykke, så er det stor sjanse for det.

Med eit hundre års tradisjon bak seg, har kappleikane funne si form, og den som har begynt å vanka på desse stemnene, og "fått sansen" for dei, passar nok på å få med seg nokre "dosar" kvar sesong. Liksom skyttarar fer på skytestemne, og hundefolk på uitstillingar, så finn du dei som likar folkemusikk og folkedans på kappleik. - Og hogdepunktet? Prøv gammaldans- festen på kvelden etter tevlinga er ferdig.

NESTE KAPPLEIK - FOLKEMUSIKKHELG BLIR I 2009

 

Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.